I dag har me hatt korøvingar, sceneøvingar, sminking og ikkje minst: generalprøve. Me hadde fått ein liten familie som publikum, slik at nervene var på plass. Sidan ein generalprøve aldri skal gå skikkelig bra, passa me på at det vart sånn denne gongen og. Neida. Men litt småknask her og der vart det, men slik blir det berre. Alt i alt var både publikum og me nøgde etter "framsyninga" og me gler oss til å komma i gong i morgon! Håpar mange tek turen i løpet av helga. 
PS: Torsdag (PREMIEREN) er snart utsolgt! men på sundag kl:14 er det veldig mange fine plassar igjen :)
 
 
For det fyrste - meldingane tikkar inn på telefonen og premieren er nesten fylt opp allereie! 
Så. I dag hadde me fyrste skikkelige gjennomkjøring. Altså med absolutt alt som skal vera på framsyningane. Lys og myggar til dømes. Me har og fått øvd oss litt på improvisasjon, i fall det skulle henda at nokon gløymer ein replikk osb. Me har og fått endå meit positive tilbakemeldingar rundt PR-stuntet på Stord Amfi. Sjølv om me kom gjennom alt, med myggar, lys, og ingen stopp så er me litt glade for at me har dagen i morgon til å fiksa litt og. Men no byrjar premierenervene og koma, og det er jo egentlig litt fint, for sånn skal det vera :) Etter øving har og nokre flinke elevar vore rundt å kjørt med flyers og lagd i postkassar. Dagens ord: Spre ordet! 
 
Show på Amfi 08/20/2011
 
i dag møtte me opp til gjennomkjøring av programmet til showet me skulle ha på Amfi. Etter sminke og skift til kostyme var me klare for å treffa folk på senteret. Me for rundt i kostymer, delte ut flyers og det virka som om mange ville komma. Så hadde me eit lite show nede. Me song og dansa på "Ta livet som det faller seg"; "Bare vent, snart blir eg majestet" og "Trashin the camp", og publikum såg ut som dei storkosa seg og det gjorde me og! :D Kjempe kjekt å få sjå litt kva folk synst og at folk synst det var kjekt, var jo ekstra stas for oss. Etterpå var det nedrigging av orkesteret og så fòr me opp på skulen for å øva vidare. Fyrste gjennomkøyring med kostyme, og heilt utan stopp! No gler me oss til premiere :)
 
 
No er det tre dagar sidan sist oppdatering, det er også tre dagar sidan fyrste skuledag. Treng eg sei meir? Skule frå 08-15, ein times pause og så øving frå 16-20 tar littegrann på. Me har heldigvis kome oss fint gjennom gjennomkøyringane, sjølv om alle er ganske trøytte (og overtrøytte) på slutten. I går var Sunnhordland på besøk, så det skjerpa oss nok litt. Me gler oss til å sjå saka i avisa! Utanom gjennomkøyring øvde me også på avslutningsnummeret. I dag hadde me fyrste prøve med kostymer. Sjølv om hovudfokus i dag var på å setje lyset, var det særs kjekt å få prøvd ut med kostyme, orkester OG lys! Det einaste me mangla var mick'ar. I morgon dukkar ein kjekk og glad Disney-gjeng opp på Leirvik og Amfi-senteret. Med seg har dei flygeblad, på seg:kostyme og kanskje får ein høyra nokre smakebitar frå musikken? Kom, kom!
 
Kor og orkester 08/16/2011
 
I dag var det korøving frå 10-13, og me fekk gjort ein heil del på korsongane. Etter pausen byrja me på gjennomkøyring igjen, denne gongen med: *trommevirvel* orkester! Det var kjekt. Sidan det var fyrste gongen vart det sjølvsagd mykje stopp og kav. Men alt i alt, ein god start! I morgon kjem Veronica heim, og då vert det endo meir spanande med regilegging osv. tjohei
 
 
I dag har me hatt øving på enkelt scenar frå tidleg morgon, (10 er i alle fall tidleg for oss...) Det er ulikt som har måttast øva på her, me i hovudsak: dans. Dette er visst ikkje noko dei fleste i klassen har talent for. Så var det korøving, med solistar, kor og stand-in-pianist, Øystein Haydn Aadland. Etter ein fortent pause byrja me på ny gjennomkjøring, sjølvsagd med ein del stopp, men det blir betre for kvar gong! Det vart med andre ord ein lang dag for nokre, og ein litt mindre dag for andre. Bandet er så nøgde at dei gjekk heim kl 1600. Me gler oss til å høyra dei måro, då skal dei nemleg inn til oss på scenen :)
PS bilete kjem!
 
 
I dag tok me oss ein litt kortare øvingsdag. Sjølv om me berre holdt på frå 14 til 18, fekk me faktisk gjort ein del. Sjølv om me jo kanskje kunne ha fått gjort meir med bittelitt meir effektivitet. Me hadde gjennomkjøring med alle songar og all regi, sjølvsagd satt longt ifrå alt, men me hugsa overaskande mykje. Me kom til og med gjennom heile manus. Me stoppa sjølvsagd opp på omtrent alle scenane, tok noko på nytt, oppfriska hukommelsen og gjekk gjennom på nytt. Men slik vert det. Fleire har og bestilt billettar i dag, og no er dei aller, aller beste plassane på premieren borte, så ein må vera kjapp om ein vil ha gode plassar! 
 
 
I dag vart me faktisk "ferdig" med heile manuset, det vil seie, det har blitt lagt regi på heile manuset. I går jobba me mykje med regi og ein del korsong.Så no gjenstår repetering, repetering, repetering og kanskje nokre nye endringar. Med andre ord er me altså nesten ferdig med "grunnarbeidet" og har berre finpussen igjen! (Evt. litt grovpuss her og der då) Me har og repetert første scena som inneheld alle skodespelarane, masse rytmar og dans. Endeleg byrjar me å komma oss vellukka gjennom heile scenen! Kulissane tar og form og alle har arbeida godt. Bandet er særs nøgde og meiner nesten at dei ikkje treng meir øving, men, det trengst alltid meir øving! Me gler oss i alle fall til dei skal komma inn til oss på scenen. 
 
3. dag 08/10/2011
 
I dag har mange fått hatt ein litt rolegare dag, medan andre har måtta øva og stå på litt meir. Slik vert det i sånne prosessar, neste gong vert det kanskje motsett. Me har hatt stor korøving på "Snart blir eg majestet", med solistar og kor. Solistane har og gjort ein god jobb og dansa koreografien sin på den eine gjennomkjøringa. Ikkje alt sat som det skulle, men det er endo tid igjen, dei lærte det jo faktisk berre i går. Så har me lært litt om å "ta livet som det faller seg", og nokre har lært seg litt stilige dansemooves på den også. Bandet øver jevnt og trutt, og kostymene og kulissane er endeleg komt i gong. Og dei har alt komt langt. Fleire plakatar har også blitt hengt ut og folk virkar positive. Det er kjekt å høyra! 
 
 
I dag har me kome godt i gong. Me har øvd på korsongar og vanskeleg koreografi (i alle fall for nokre), og resultatet blir jevnt over stigande for kvar gong. Sponsoravtalar, telefonar og heftig notering vart og ein del av dagen. Simba, Zazu og Nala har første scene åleine i boks, og første scene med omlag alle skodespelarane på scena nermar seg den og. Bandet har og vore flinke, og ligg ikkje på latsida dei heller. Spesielt Svein Sandvold, som er leigd inn for annledningen og fortener ei ekstra stjerne. Flyers har og blitt delt ut, og forberedingar rundt PR er veldig godt i gong. Lys og lydmann, Torstein Overweg, byrjar og å få utstyret på plass, me har til og med fått ringeklokke i garderoben! No er også prosessen med å få ut plakatar i gong, og forhåpentlegvis er Leirvik, Stord og Bømlo snart fylt med plakatar og Simba sitt lokkande smil. 
Spent over kva morgondagen vil bringa!